Referanser
Båt/utstyr
Transport/slep
Lokaliteter
West Dykkerservice
Om oss
Kontakt oss
Butikk
West Dykkerservice vart etablert av Per Kåre Navekvien i 1991, og han har vore dagleg leiar sidan oppstarten. Navekvien har dykkerutdanning heilt tilbake til 1982. West Dykkerservice er det selskapet i Dykkerservice-gruppa med størst erfaring. Også i omsetning og tal på tilsette er selskapet størst. I 2008 hadde vi ei omsetning på 23 millioner, medan vi i 2009 klarte å auke denne til nær 35 millionar. Talet på tilsette har også gått oppover dei siste åra, og vi har no rundt 35 personar tilsette. Størsteparten av arbeidet er idag for oppdrettsnæringa, der vi har kontrakter med fleire store konsern. Vi har også eindel arbeid for kommuner, skipsverft og fiskerinæringa. Vi har også stor komperanse innanfor anleggsdykking, og påtek oss alle typer oppdrag innen undervannsarbeid; også rørlegging, sprenging, masseforflytting og betongarbeid.
Selskapet held på å føre opp eit nytt forretningsbygg i Evja, fem kilometer øst for Måløy sentrum. Bygget er 25x60 meter, og har altså ei grunnflate på 1500 kvadratmeter. Totalarealet på bygget er rundt 2500 kvadratmeter. Bygget vil romme en stor verkstedhall, motorverksted, lager, kontorlokaler og dykkebutikk. På utsida har vi 150 meter med kai, i tillegg til flytebrygger. I løpet av kort tid vil vi også kjøpe ein travel-lift, og lage til arrangement for å kunne ta opp båter opp til 10 meter bredde og 100+ tonn. Med travel-liften kan vi køyre desse inn i den store verkstedhallen og jobbe på dei der.
Vi vil flytte inn i dette bygget i løpet av 2010.
