Dykkerservice
West     Møre     Sunnfjord
Dykkerservice

I områda på Nordvestlandet finn ein nokre av dei beste og mest utsøkte stadane for sportsdykking i heile Norge. Heile året stortrivst sportsdykkarar i den klare sjøen ved Stadt. Det reine havet har eit yrande liv og ein frodig vegetasjon, og det ligg rundt 300 skipsvrak innanfor eit rimeleg begrensa område. Og fleire av vraka er ikkje funne eino. Det var i dette området norgeshistoria sitt største myntfunn vart gjort; ved Runde for rundt 30 år sidan. Sjøen har god sikt heile året, med 10-15 meter om sommaren til opp i 50-60 meter om vinteren. Uansett vérforhold finn du trygge plassar og dykke på. Ved naturdykking kan du velje mellom rolege farvatn, terreng med store steinar og stadar med stupbratte berghamrar. Grottedykking på utsida av Stadt er meir krevjande, men ikkje mindre fantastisk oppleving av den grunn. Dersom du først dykkar i havet rundt Stadt, vil du verdsetje den reine og urørte naturen. Dei fleste som har vore her og dykka, kjem tilbake.

15 personer i rib